Program og valliste Osterøy Arbeidarparti 2023 - 2027

Arbeid

Arbeid til alle er jobb nummer éin. Eit velfungerande næringsliv trengst for at folk skal bu på øya vår. Næringslivet må ha gode vekstvilkår. Kommunen treng kompetanse, forsvarleg økonomisk styring og skal vera ein ansvarleg og god arbeidsgjevar.

Me ønskjer:

  • At Osterøy utvikling skal halde fram som kontaktpunkt mellom kommunen og næringslivet.
  • At reinhald og vaktmeistertenester skal vere i kommunal regi.
  • Ei trygg og god prosjekt- og økonomistyring.  
  • Eit likestilt og inkluderande arbeidsliv, med god tilrettelegging for dei som treng det.
  • At heile stillingar og fast tilsetting skal væra regelen i Osterøy kommune.
  • Trygga og vidareutvikle det gode samarbeidet mellom kommune, næringsliv og skule.
  • Å tiltrekke oss faglært arbeidskraft og teknisk kompetanse.
  • Etterutdanning og fagbrev på jobb for arbeidstakarar med realkompetanse.
  • Fleire læreplassar i private og kommunale verksemder.
  • Tilbod om sommarjobb til ungdom i kommunen.
  • At kommunen i anbod må stille krav om tariffavtale og følgje opp bruk av fast tilsette, lærlingar og faglært arbeidskraft.
  • Å sikre næringslivet naudsynt areal og god infrastruktur.
  • Fleire varig tilrettelagde arbeidsplassar (VTA).

Velferd

Det er i kommunane grunnlaget for velferdssamfunnet vert lagt. Osterøy Arbeidarparti vil prioritere eit godt barnehagetilbod, SFO og den offentlege skulen. Me må vidareutvikla gode sosial-, barneverns-, helse- og omsorgstenester i samarbeid med brukarar og tilsette. Slik kan me sikre gode hjelpetiltak til dei som treng det mest.

Me ønskjer:

  • At Omsorg+ bustader vert etablert.
  • Ei samskaping der kommunen samarbeider med frivillige og private for å få etablert fleire utleigebustader for aldersgruppa 60+ fordelt i kommunen.
  • At Osterøytunet må vidareutviklast som den sentrale eininga for langtidspleie, demenspasientar og dei som vert skrivne ut frå sjukehus.
  • Å opprette ei eiga vikarordning med fast tilsette for helse og omsorg.
  • God fastlegedekning og fysioterapiordning, samt best mogleg legevaktstilbod.
  • At skulen på Valestrand vert oppgradert og utvida på eksisterande skulestad.
  • At Osterøy Ungdomskule vert rehabilitert.
  • Heilårsope basseng med mål om god symjeopplæring.
  • Å arbeide vidare for ei ordning med skulemat.
  • Eit godt tilbod innan psykisk helse og rus inkludert rusførebyggjande arbeid.
  • Ikkje å legge til rette for fleire private barnehagar og skular.
  • Å ta vare på skulane og barnehagane i Fotlandsvåg, Lonevåg, Valestrand og Haus, samt barnehagen på Hauge.
  • Å ta initiativ til å styrke ordninga med pasientreiser.

Klima og miljø, natur og jordbruk

Det å bu på Osterøy er å leve tett på naturen. Den må både brukast og takast vare på. Me må kutte klimautslepp og redusere negative konsekvensar for miljøet. Dei beste tiltaka kuttar både utslepp og kostnadar. Det er viktig at matjorda og den lokale matproduksjonen vert halden i hevd.

Me ønskjer:

  • At planar skal vurderast i eit klima- og miljøperspektiv og leggje til rette for god naturforvalting.
  • Eit levande landbruk som tek vare på kulturlandskapet vårt i samarbeid med bønder, grunneigarar og frivillige. 
  • Ei god veterinærteneste.
  • Eit berekraftsperspektiv på vedlikehald og energiøkonomiske (ENØK) investeringar i kommunale bygg.
  • Leggje til rette for kortreiste opplevingar i nærmiljø og friluftsområde. 
  • Redusert bilbruk med lokale tenestetilbod og gode kollektivtilbod. 
  • At kommunale køyretøy skal så langt det er tenleg ha nullutslepp.
  • Ei ordning for utlån av sportsutstyr og innlevering og gjenbruk av brukte og attgløymde klede.

Folk og samfunn

Osterøy er så mykje forskjellig for så mange, at å setje ord på det er ei stor oppgåve. Dei ulike syna på det gode liv på Osterøy, vert heldigvis møtt med noko for ein kvar smak. Det at så mange bidreg og utviklar sine lokalsamfunn er ein fellesnemnar. Me er aktive samfunnsbyggjarar og sterke tilhengjarar av eit godt samarbeid mellom kommunen og innbyggjarar. Eit rikt idretts- og kulturtilbod gjer lokalsamfunna betre å leve i. Kommunale midlar kan få stor effekt i samarbeid med frivillige.

Me ønskjer:  

  • Ein god frivilligsentral.
  • Å bidra til frivillige lag og organisasjonar
  • Å hindre utanforskap.
  • Gode integreringstiltak for dei som har kome til øya vår frå heile verda.
  • Ein sosial bustadpolitikk med tenlege bustader for dei som treng det.
  • Å sikre tilgang til sjø- og strandsone og tur- og friluftsområde gjennom god tilkomst, skilting og parkering i samarbeid med grunneigarar, turlag og andre.
  • Å ha beredskap som førebygger og reduserer konsekvensar ved større og mindre hendingar som rammer våre lokalsamfunn. Planar må oppdaterast jamleg med klare ansvarsområde.
  • At Osterøy skal halde fram som eigen kommune.

Samferdsle, plan og infrastruktur

Me må leggje til rette for vekst og utvikling av kommunen. Plan- og byggesaksbehandling er  ei av dei viktigaste kommunale oppgåvene. Det legg grunnlag for vekst og vidareutvikling i kommunen, både for offentlege og private tiltak. Arbeidarpartiet vil prioritere nok ressursar til å sikre god kvalitet og framdrift i plan- og byggesaker. 

Me ønskjer:

  • Å ta vare på og vidareutvikle kommunesenteret Lonevåg og områdesentra Valestrand, Haus og Fotlandsvåg for å sikre dagens senterstruktur.
  • Sjå på nye mogelegheiter for bustadbygging og fortetting i Hausområdet.   
  • Ny veg i Vesetgjelet og stadvis utbetring av vegen frå Lonevåg til Tysse
  • Rassikring av utsette strekningar som på Bruvikvegen og Votlo – Haus – Kvisti.
  • Jobba for betre driftstilhøve for ferjesambandet Valestrand-Breistein
  • Å arbeide for eit betre og meir effektivt kollektivtilbod på og til og frå Osterøy
  • Å styrkje vedlikehaldet av vegane på Osterøy
  • Det må leggast til rette for pendlarparkering for bil og sykkel, spesielt er det naudsynt å sjå på kva som er mogleg imellom Ambogen og Kvisti
  • Behovet for områdeplanar må sjåas på med eit kritisk blikk og ikkje vera til hinder for utvikling.
  • Å arbeide for at rekkefølgekrava i kommunale planverk ikkje vert for omfattande.
  • At folk skal få busetje seg i alle grender i kommunen.

Valliste for kommunevalet 2023:

1.    Alexander Thunestvedt

2.    Herdis Helle

3.    Geir Olsen

4.    Håkon Trovåg Hevrøy

5.    Ann Kristin Borge 

6.    Helge Olav Rolland

7.     Andrea Hartveit

8.    Dagrun Stokke

9.    Jan Inge Wold

10.   Christin Riise

11.   Marit Hovden

12.   Hans Kvåle

13.   Tone Berg

14.   Wenche Fiskeseth

15.   Sissel Margrethe Romslo

16.   Sylvi Ann Hanstvedt

17.    Kari Foseid Aakre