Alexander Thunestvedt

Varaordfører

Alle skal ha like moglegheiter i kommunen vår, uavhengig av størrelsen på lommeboka.

Alexander Thunestvedt

Det er ei stor ære å få representere partiet i vår kommune. Arbeidarpartiet for meg er eit parti som tar fellesskapet på alvor. Me skal aldri slutta å arbeide for at alle skal ha like moglegheiter i kommunen vår, uavhengig av størrelsen på lommeboka.

På Osterøy har me fantastiske lokalsamfunn stappfulle av menneske som står opp på morgonen og yter ein innsats for at bygda deira og kommunen vår skal vera ein god plass å bu. Eg lovar at eg kjem til å arbeide knallhardt for at dei tilsette i kommunen og frivillige lag og organisasjonar skal få best mogleg vilkår i kommande periode.

Eg vil stå for ein trygg, ansvarleg og løysningsorientert politikk. Me løyser utfordringar og utviklar kommunen gjennom politisk samarbeid.

Handlingsrommet er smalt og det er ikkje noko parti på Osterøy som kjem til å styre aleine neste periode. Eg står øvst på ei liste med 17 engasjerte og dyktige arbeidarpartimedlem som ynskjer å utvikle Osterøy i riktig retning.

Ynskjer du at det politiske samarbeidet på Osterøy skal pregast av god arbeidarpartipolitikk, så må du velje vår røystesetel ved valet 11. september.